Lagbilde

Rindal IL fotball:

Endeleg er sesongen i gong

Etter ei laaang ventetid i samband med Coronapandemien, er aldersbestemte lag i gong med sesongen! Rindals J-12 fekk æra av å sparka igang sesongen på Trollbanen torsdag. Motstandaren var Sjetne 2. Det vart ei svært jamn batalje, men heimelaget dro seieren i land! Dei kvitkledde rindalsjentene i landa ein sterk 7-6 seier!

På ein litt regntung kveld, men på ei aldeles nydeleg grasmatte på Trollbanen, tok altså heimelaget imot Sjetne 2 til kamp. Første omgangen starta med ei klart overtak til heimelaget som kom til fleire gode sjansar. Mål vart det først da Jenny Grøtan klinka ballen i kassa etter ca 10 min. Deretter noterte Hannah Sæthervik Bakken seg for to nettkjenningar til! Sjetne klarte berre å scora ein gong i første omgang.

Andre omgang starta mykje jamnare og spele bølga att og fram omgangen ut. Sjetne beit godt frå seg og følgde rindalsjentene til døra! Men Jenny Grøtan scora ytterligare 2 mål til og det same gjorde Hannah Sæthervik Bakken og dermed enda kampen 7-6 til heimelaget! Ein god start på sesongen,altså! Heimelagets trenar, Ronny Møkkelgård, var godt nøgd med laget sitt! Vidare kunne han fortelja at det er 10 kampar att før sesongen er over, så det blir råd å få med seg god fotballunderhaldning framover!

Vi kan berre håpa at det ikkje blir innstrammingar att, slik at sesongen kan fortsetje og jentene kan få gjere det dei ønskjer; Nemmeleg å spele fotball!

På Rindalslaget spelte: Anne Bolme Nonstad, Jenny Grøtan, Elise Bolme, Maria Svinsås, Linnea Møkkelgård, Stine Kvendset, Ellinor Sørebø Børset og Hannah Jorunn Sæthervik Bakken

Stor sjanse.JPG
Stor sjanse! Men skotet til Ellinor S. Børset smyg seg utanfor stolperota!

Corner,Jenny.JPG
Jenny Grøtan viser strålande innleggsteknikk!

Kreativt publikum.JPG
Desse tre jentene har teke kreative grep for å halde regnet unna!

Storscorerne.JPG
Storcorarane! Jenny Grøtan (3) og Hannah J. Sæthervik Bakken (4)